historie

Mat med kjærleik

- ekte og ærleg -

Heilt sidan eg var liten har eg alltid hatt ein draum om å bli kokk.

Eg er oppvakse på gard og eg deltok tidleg i matproduksjon og tilverking av råvarer tilknytt garden. Dette gjorde det endå lettare å oppnå draumen.

Etter ungdomskulen var difor kokkelinja på Øyrane vidaregåande skule i Førde eit lett val. Eg fekk lærlingplass i Lom på Fossheim turisthotell, der Kristoffer Hovland var kjøkkensjef. Han var ein god lærar og inspirasjonsmeister.

Etter læretida mi fekk eg jobb i Florø. Eg vart verande i Florø i 10 år. I to av åra dreiv eg og ein kompis restaurant saman. Etter åra i Florø har eg jobba ulike stadar. Både i Stavanger og på brakkerigg i Nord-Noreg og på Møre.

Kallet etter bygda og savn etter å ha familien rundt meg, gjorde til at eg tok steget og flytta heim til Dale i 2019 Etter ein periode på Fabel i Dale tok eg endeleg steget å starte for meg sjølv. Dette er noko eg har hatt lyst til lenge. Eg fekk god støtte og motivasjon frå vener og familie.

Sommaren 2023 tok eg steget og starta mitt eige firma. Det er det beste valet eg har tatt innan kokklivet. No reiser eg rundt omkring og jobbar med catering. Ingen dagar er like og eg kan gjere det eg vil. Eg er min eigen sjef.

Lokalmat og kortreiste råvarer er viktig for meg. Eg nyttar ressursane eg har rundt meg og sankar råvarer frå sjø, land, skog og mark. I seinare år har eg også fått ein stor lidenskap i å dyrke urter og grønsaker. Frå min eigen kjøkkenhage utafor huset kan eg finne gode sjølvdyrka, kortreiste og naturleg råvarer som eg nyttar til selskap og catering.

Produksjonen har blitt så stor at eg har moglegheit til å selje nokre av desse reindyrka råvarene.

Mitt motto er: «Da finns ikkje snarvegar til god mat».